Bannskap i gamal tid

Åsane Tidende fredag 24.02.2012:
– Til tider kan det sjå ut som om Gud og djevelen ikkje reiste på besøk til dei same stadene på same tidspunktet, seier leiar av Åsane historielag, Marianne Herfindal Johannessen, som på onsdag inviterar til historisk føredrag.
Jørn Øyrehagen Sunde
Jørn Øyrehagen Sunde.

Tekst: Magne Fonn Hafskor

magne@aasanetidende.no

Føredragshaldar blir Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet i Bergen. Han har arbeidd med tingbøker (rettsprotokollar) sidan 1996, og har ved fleire høve nytta dette materialet i føredrag for Åsane historielag.

Denne gongen blir temaet «Gud og Djevel i Nordhordland 1644-1822». Poenget er å sjå på dei mange referansane til Gud og djevel i tingbøkene, og slik finna ut kva førestellingar folk hadde av dei to - og korleis desse førestellingane har endra seg. Føredraget vil dermed både fortelja noko om dagleglivet i Nordhordland, om einskilde personar sin lagnad, om ulike religiøse retningar, og om framveksten av den sekulære staten. Men Sunde vil òg sjå på banning i ulike delar av Nordhordland, og samanlikna denne regionen med Hardanger og Sunnhordland.

– Det er interessant å sjå korleis Gud og djevel spela ulike roller i kyststrøk og fjordar, meinar Johannessen.

– Til tider kan det sjå ut som om Gud og djevel ikkje reiste på besøk til dei same stadene på same tidspunktet, medan dei andre tider kom i konflikt fordi dei freista å ta hand om dei same sjelene.

Storsalen i Åsatun, onsdag 29. februar kl. 18.30. Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte. Etter føredraget vert det arrangert årsmøte historielagets medlemer.

Denne artikkelen sto på trykk i Åsane Tidende fredag 24.02.2012 og er gjengitt med tillatelse fra journalist Magne Fonn Hafskor.