Nyheter fra Arkivverket

Abonner på Nyheter fra Arkivverket nyhetsstrøm
Arkivverket - All aktivitet
Oppdatert: 1 time 46 min siden

Tyding av vanskelig håndskrift

30. juni 2020 - 12:10
Så avgjort. Men jeg har opplevd flere ganger at den er blitt fremmed for yngre folk. Så jeg tyder likevel. Forsøk: 01 Skylddelingsforretning. Aar 1925 den 18 september 02 avholdt . . . gaarden har gnr. 66 bnr. 11 av skyld 03 mark i Akers herred tilhørende lærer O. Gillsboe 04 i anledning av at der er solgt 2 parceller av 05 gaarden til Mændsopnevnelsenn vedlegges 06 Mændene har avlagt . . . møtte ingen, men 07 parcellenes grænser er avmerlet i marken og 08 parcellkart i maalestok 1:500 forelaa. Mændene 09 valgte til formand opmaalingschef S.(?) Christof- 10 fersen. blev(?) de dele . . . grænsebeskrivelse: Parcel 11 10 Parcellen grænser mot nord til parcell 11; 68,37 12 m. – mot syd en spiss – mot vest til midt 13 av en prosjektert vei i 94,83m. længde. Areal 14 3765 m2. Skylden blev bestemt til 6 øre. 15 Parcel 11 og 12: Parcellen grænser mot nord til parcel [ny side] 01 29 Oktober 1925 02 Oslo den 15 oktober 1925. Henry Holth. 73-?/90-200. 03 70 (Stempelmerker 60 kroner) Underskrevne Olaus Gilleboe erkjender herved 04 at have solgt likesom jeg herved sælger, avhender 05 og skjøter en parcel av min eiendom Skar skog, gnr.66 bnr. 06 11 parcel 11 og 12 bruksnr. 36 av skyld 12 øre i vestre aker til 07 hr. Lorentz Hansen Oslo, for en forenet kjøpesum kr. 08 5626,40 i henhold til kjøpekontrakt av 1 okt. 1925 og skal 09 eiendommen herefter tilhøre nevnte Lorentz Hansen med 10 de samme rettigheter og forpligtelser hvormed jeg har 11 eiet samme og forbliver jeg hans hjemmelsmand 12 efter loven - Oslo den 15 oktober 1925. Olaus Gillebo. 13 71 kr. 1600 – Pantobligation. Underskrevne Lorentz Hansen 14 Kongsberggt 4 Oslo erkjender . . . bliver han Lærer Gillebo Mvh

Tyding av vanskelig håndskrift

30. juni 2020 - 12:02
Dette er jo heilt vanleg "moderne" handskrift.

Udlagde Faders stilling, 12.04.1785

30. juni 2020 - 11:57
Jeg vil gjerne ha hjelp til å tyde hva som står her: "udlagde ??gtemand Nicolay Rotenborg..." Jeg finner ham igjen i FT 1801, der han omtales som "ugift Zveitser" hos Bernt Anker i Toldbu Gaden. Da står det ikke Egte mand. Hvilken bokstav er det da? https://www.digitalarkivet.no/kb20061107020227 Mvh Sølvi L.

Når døde Ole Olsen Tossavaien, f 1660 i Risberget, Våler og hvem var han gift med?

30. juni 2020 - 11:36
Her må vi holde tunga rett i munnen den eldste Ola Olsen Tossavainen (hvis fødselsår f.ø.- er ukjent) var trolig født i Orsa Finnmark i Dalarna som sønn av Olof Markusson i Tandsjö denne Ola Olsen fra Orsa Finnmark (er det som var gift med Anika Staffansdotte Mullikka (i 1686 kalt "Mulig"), født ca. 1621 i Sandsjö i Orsa, det stemmer ikke at Annika var født 1645, her forveksler du henne med stesønnen Ola (ca. 1640- e. 1686) sin kone Kari Pålsdotter fra Fryksdalen). Annika ble gift 2.gang med "Sølvfinnen" Anders Eriksson Purainen fra Gästrikland.

1500- og 1600-tallet: Kirker på Gran, Hadeland

30. juni 2020 - 11:31
Det står Gran prestegjeld

1500- og 1600-tallet: Kirker på Gran, Hadeland

30. juni 2020 - 11:28
prestemanntalet 1664/66 er vel ordna etter prestegjeld/sokn (medan futemanntalet er etter tinglag - som kan vere der same eller ha andre grenser)

3 1/2 skippund tunge?

30. juni 2020 - 11:12
I dette tilfelle var det bonden som rådde over bygselen og hadde den største eieparten. Det betyr da at landskylden har blitt satt opp. Takk for hjelpen.

Arne Sørheim alias Arnt Søhring (1826-1897) - bokhandlar i Trondheim - gift med Jetta Christine Qværndrup - til Luster - kone og born til Amerika - kvar vart det av dei?

30. juni 2020 - 11:08
Eg har i dag oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden med dei nye opplysningane som Egil kom med i går. Eg har leitt vidare i amerikanske kjelder etter fleire opplysningar om Jetta og dei to borni, men står framleis utan resultat! Manuskriptet som erstattar manuskriptet frå innlegg #1 over: ~~~~~~~~~~~~~~ Arne Otteson Sørheim, opphavleg frå Sørheim (bnr. 2), var f. {i Luster} 1.3.1826. Som me har sett under bnr. 2 ovanfor, fekk Arne alt i 1844 skøyte hjå far sin på heimebruket her på Sørheim, men han selde det att til broren Thomas i to luter i 1857 og 1858. Han gifte seg i Trondheim 7.4.1861 med Jetta Christine Chris­tiansdotter Qverndrup frå Trondheim. Ho var dotter av skodespelar Nils Christian, kjend som Christian Nilsson Qverndrup frå København i Danmark og Karen Martha Pedersdotter Holthe frå Levanger og f. i Trondheim 8.3.1840. Arne Sørheim fekk i 1859 attest hjå soknepresten for å flytta til Trondheim, og der tok han namnet Arnt Søhring. Han var ei tid bokhandlar i Trondheim, men starta sidan opp med grossistforret­ning same stad, og huslyden budde i Kongens gate i Trondheim fram til kring 1869. Kring 1869 flytte Arne og visstnok òg Jetta ##### (sjekka om ogso ho flytte attende?) attende hit til Luster, og på same tidi busette dei seg i denne stova her på heimebruket hans på Sørheim som etter han fekk namnet «Gaml-Arnestova» (Arne Otteson gjekk nok under namnet «Gaml-Arne» i motsetnad til brorsonen Arne Thomasson som i 1880-åri tok over heimebruket på Sørheim, sjå under bnr. 2). Denne stova, som opphavleg skal ha vore oppsett på Farnes i Årdal i 1721 i tilknyting til koparverket der, vart visstnok kjøpt og flytt til Sørheim alt kring 1800 eller like før, og vart truleg nytta som kårstove på garden her fram til Arne og Jetta fekk hand om ho kring 1869. Jetta Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) utvandra visstnok til Amerika alt kring 1872, ##### (sjekka denne utvandringi? – kva med lagnaden hennar i Amerika??) Arne Sørheim vart sjuk om lag på same tidi, og han vart sidan buande her i Gamle-Arnestova som legdelem til han d. på Sørheim 26.4.1897. Etter den tid vart stova ståande tom i mange år til ho i 1953 vart flytt attende til Årdal og oppsett på heiders­plass. Me kan elles leggja til at Arne vart understøtta av fattigkassa i Trondheim sjølv etter at han flytte attende hit til Luster. Arne og Jetta fekk fire born i lag: 1. Oluf Christian Arneson Sørheim, f. i Trondheim 22.8.1861, kom til Luster med foreldri kring 1869, men d. på Sørheim alt 6.5.1870. 2. Thomas Johan Arneson Sørheim, f. i Trondheim 16.4.1863, kom òg med foreldri til Luster kring 1869 og voks opp hjå skyldfolk på Flahammar. Thomas Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) utvandra til Amerika i 1880, ##### (lagnaden hans i Amerika?) 3. Sophia Marie Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 18.5.­1865, flytte truleg òg til Luster med foreldri kring 1869, men fekk ikkje innflyttingsattest til Luster før i 1875. Ho voks òg opp hjå skyldfolk på Flahammar. I 1880 utvandra også Sophie Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) til Amerika, ##### (lagnaden hennar i Amerika?) 4. Inga Mathilde Charlotte Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 26.1.1868, d. i Trondheim 20.1.1869. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg held fingrer og tær krossa og vonar at nokon kan fleire opplysningar om amerikafararane i denne huslyden litt utanom det «vanlege»...

3 1/2 skippund tunge?

30. juni 2020 - 10:45
Den førstnevnte gården skylder 3 1/2 skippund 1 fjerding; den andre 3 1/2 skippund. Vareslaget er ikke angitt, men det er rimeligvis tunge (også kjent som mel, malt eller korn). 1 skippund er uansett 20 lispund. Dersom bonden i 1623 eide 1 skippund (tunge) med bygsel over hele gården, kan skylda ha vært lavere i 1623, og/eller bygselen har ikke fulgt den største parten. Det var ingen regel uten unntak.

1500- og 1600-tallet: Kirker på Gran, Hadeland

30. juni 2020 - 10:33
Da ligger jo Mariakirken på Granavollen nærmere ... den er for øvrig enda eldre. Men det kom jo an på hvilken kirke man sognet til ...

3 1/2 skippund tunge?

30. juni 2020 - 10:30
Molden-gårdene ligger i Søndre Ål på Gran, Hadeland. I 1664 er hver av gårdene (Nordre og Søndre) på 3 1/2 skippund ..... (?) Er dette det som kaltes tunge, dvs. at de var på 70 lispund hver, eller er det en annen måleenhet? Før 1623 eide bonden på den nordre gården 1 skippund i egen gård. Kronen eide resten, men bonden eide brorparten og rådde derfor over bygselen selv. Til sammen blir jo ikke det 70 lispund, dessuten virker 70 usannsynlig mye? Eller ikke? Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 7: Hadeland prosti, 1664-1666, s. 165-166 https://media.digitalarkivet.no/view/35503/93

1500- og 1600-tallet: Kirker på Gran, Hadeland

30. juni 2020 - 10:27
Kanskje Tingelstad - den er fra 1200-tallet https://no.wikipedia.org/wiki/Tingelstad_gamle_kirke

Tyding av vanskelig håndskrift

30. juni 2020 - 9:13
Den er grei! Får høre med dem. Har funnet to notater i panteboka som jeg også gjerne skulle hatt transkribert hvis du eller annen har mulighet. Håkon

1500- og 1600-tallet: Kirker på Gran, Hadeland

30. juni 2020 - 8:56
Er det noen som vet hvilken kirke man brukte hvis man bodde i Nordre/Søre Ål på Gran, Hadeland, på 1500- og 1600-tallet?

Otto Thomasson Sørheim - fødd i Luster 1863 - utvandra til Amerika i 1883 - forsvann! - kvar vart det av han?

30. juni 2020 - 8:39
Hjarteleg takk til Anton for gode freistnadar på å løysa denne gåta. Men diverre, som du òg har observert, hadde me to personar med same namn og på same alder, som attpåtil truleg utvandra til same stad! Men dei var ikkje i nær slekt med kvarandre. Det ville vore som eit åttande verdsunder å spora Otto T. Sørheim i Amerika, men det er lov å vona, og eg takkar på ny for alle gode freistnadar! Eg har vore borti andre liknande problem der emigranten rett og slett har bryte alle band med nær slekt og aldri vart attfunnen!

Kart over utskiftinger

30. juni 2020 - 8:25
Normalt sett vil ei utskifting på denne tida inneholde eit kart. Men det fins unntak. Sjå etter i teksten til utskiftinga om det blir vist til kart. Når lesesalen på Statsarkivet i Bergen opnar igjen (forhåpentligvis 17. august), så kan du også få sett igjennom utskiftingsmappa om der skulle ligge noko. Eg har aldri sett kart til folketeljingane. Om du ikkje finn husmannsplassen avteikna på kart, så kan det vere at du finn husmannskontrakt/festeseddel ved å leite i panteregisteret. For søk i panteregisteret må du bruke kommune og gnr frå før 1964, i dette tilfelle Hosanger gnr/bnr 28/4: https://media.digitalarkivet.no/tl/preg/search

Peder Kristoffersen Straumens barn

29. juni 2020 - 23:55
Tingbøkene avslører enda litt mer av Peder Kristoffersens familie: https://media.digitalarkivet.no/view/31249/124 I denne grenseoppgangen mellom Luktvassli og Midt-Luktvassli fra 1727, kommer det fram at Peders datter Kirsten hadde en halvbror som het Jakob Olsen og om jeg forstår det riktig var det han som ryddet Luktvassli? Se f. 121b mot slutten: thi de udgivne 12 rDr var for Rydnings Retten, som hendis halfbroder Jacob Olsen hafde i Lugtvaslien, og for hun alleene kunde besidde dend, haver hun udgivet be=te penge. Men det stemmer ikke med bygdebokas beskrivelse: https://www.nb.no/items/ec6fa91feb148aac12575e191a8b53da?page=139 Eller hva ligger i at han hadde rydningsretten? Det var riktignok en Ole Jakobsen der i 1661, men fem brukere mellom ham og Kirsten. Om han skulle være Kirstens halvbror bør han være født ikke fryktelig mange år før Kirsten som skal være født ca. 1668 (antakelig noe senere). Uansett; dette betyr at Peder Kristoffersen på et tidspunkt rundt 1670 må ha vært gift med enken etter en Ole. Noen som har spor etter en Ole med sønn Jakob, som dør før 1670, eller Jakob Olsen Luktvassli?

Christen Erikson Homstad - fødd i Noreg 1815 - til Vernon Co., WI før 1860 - opphavet og utvandringi hans? - NYTT

29. juni 2020 - 23:50
Hjarteleg takk til Vibeke, Randi Elisabeth, Anne og Lars W. for mange nye spennande innlegg om denne huslyden. So til Anne sitt spørsmål om foreldri hennar Ingeborg: Her er omtalen av dei: ~~~~~~~~~~~~~~ Peder Pederson Wigdahl, opphavleg frå Nedre Vigdalen, Vigdalen (bnr. 3), vart døypt i Jostedalen 16.10.1808 og gifte seg første gongen 26.2.1832 med Maria Torgersdotter frå Haugen under Leirdalen. Ho vart døypt 23.4.1810, men d. som husmannskone i Li alt 13.7.1843. Peder gifte seg så att 18.6.­1844 med Anna Østensdotter frå Svensøy. Ho vart døypt 11.2.1810, men d. som husmannskone i Vigdalen 14.2.1845, berre åtte månader etter bryllaupet. Peder og Maria dreiv først heimeplassen hennar i Haugen under Leirdalen, men 30.5.1842 fekk Peder feste på plassen i Li under heimebruket sitt her i Vig­dalen. Kan henda hadde plassen då lege øyde sidan 1831, men Peder flytte hit då han fekk feste og dreiv Li fram til 1854. Peter Peterson, sidan kjend som Peter P. Wigdahl, utvandra til Amerika i 1854 og slo seg før 1860 ned som farmar i Lake Prairie township, Nicollet Co., Minn. der han d. 25.9.1878. Peder Pederson i Li fekk i alt fire born, som alle var frå første ekteskapet: ~~~~~~~~~~~~~~ Samstundes har eg motteke fleire dødsattestar frå Minnesota, som har gjort det mogeleg å setja opp følgjande oppdaterte manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Ingeborg Pedersdotter {Wigdahl}, f. {i Luster} 19.9.1838, Ingeborg P. Wigdahl utvandra til Amerika med far sin i 1854 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 4.1.1861 med Christen Erikson frå Myrmo i Overhalla, i Amerika kjend som Christ E. Homstad. Han var son av husmann Erik Christenson på Hopen under Myrmo, opphavleg frå Himo, og kona Anna Bergitte Hansdotter frå Gansmo og f. på Råbakken i Overhalla 17.2.1811. Han budde truleg i mange år på Homstad i Overhalla, og utvandra med gardfolket derifrå til Amerika i 1846. Christ og Ingeborg Homstad farma først i Christiana township, Vernon Co., Wis., men flytte kring 1874 til ein farm i Ben Wade township, Pope Co., Minn. der Christ d. ##### (date and place of his death? – after 1885/prior to 1895!) Ingeborg Homstad d. i Farwell, Minn. 29.5.1923. Dei fekk ti born i lag: a. Anna Marie Homstad (1862-1898), vart gift med husmannssonen Knit Nilsson frå Gjellene under Rønnei i Luster (1854-1909) (s.d.). b. Edward Homstad, f. i Vernon Co., Wis. 2.5.1864, d. i Farwell, Minn. 26.7.1937. Edward gifte seg i Pope Co., Minn. 1.6.1888 med Eva Caroline Johannesdotter Pettersson frå Ornunga i Älvsborgs län, Sverige, i Amerika kjend som Eva C. Peterson. Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Johannes Pettersson på Korpås i Ornunga, opphavleg frå Vaselid östergården i Ornunga, og kona Lovisa Pettersdotter frå Lyckorna i Ljur og f. Frälsegården i Ljur 7.2.1859. Eva utvandra til Amerika med foreldri sine i 1869 og gifte seg første gongen i Douglas Co., Minn. 5.5.1876 med Gustav Karl Andersson frå ##### (opphavet hans i Sverige? – Kropp, Helsingborg, Malmöhus län?) i Amerika kjend som Charles G. Carlson. Han var son ##### (par: Anders Carlsson og Britta Christina – yrke? - fulle namn? – bustad og opphav?) og f. i ##### (fødestaden hans?) 6.4.1840, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hans?) Charles og Eva farma i Ben Wade township, Pope Co., Minn. der Charles d. 15.8.1886. Eva d. #####(dødsstaden hennar? – rural Farwell, MN?) 11.4.1945. Edward og Eva tok over som farmarar på heimefarmen hans i Ben Wade township., Pope Co., Minn. og budde der levetidi ut. Eva fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet hennar. c. Pauline Amalie Homstad, f. i Vernon Co., Wis. 2.5.1866, d. ##### (date and place of her death? – after 1923 – perhaps she died in Sonoma Co., CA Apr. 8, 1929?) Pauline gifte seg i Pope Co., Minn. 30.10.1886 med Ole Severson ##### (full name?) Han var f. i ##### (date and place of his birth? – WI 1854/1856?) 20.5.1854 og d. i Morris, Minn. 14.10.1908. Ole var politimann og sidan handelsmann («police officer and merchant»), og han og Pauline budde i Morris, Stevens Co., Minn., men som enkje var Pauline hushaldar («housekeeper») hjå ein prest i Glenwood, Pope Co., Minn. Ole og Pauline fekk tre born i lag. ##### (number of sons and daughters? – 1895 listed three children - 1910: 2 children and 2 living, but not listed!) d. Peter Homstad, f. i Vernon Co., Wis. 15.7.1868, d. i Kensington, Minn. 12.3.1903. Han gifte seg i Cyrus, MN 13.10.1891 med Dorthea Syversdotter frå Øygarden i Nord-Aurdal, i Amerika kjend som Dora Belgum. Ho var dotter av gardbrukar Syver Thoreson på Øygarden, opphavleg frå Belgum, og kona Marie Helgesdotter frå Dale og f. på Juven i Nord-Aurdal 28.1.1865. Dora utvandra til Amerika med foreldri sine i 1883 og d. i Kensington, Minn. 14.4.1909. Peter var barvert («saloon keeper»), og han og Dora budde i Morris, Stevens Co., Minn. og sidan i Kensington, Douglas Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. ##### (verify children? – 1900: 4 born – 3 living) e. Guri, kjend som Julia Homstad, f. i Vernon Co., Wis. 8.2.1871, d. i Farwell, Minn. 22.3.1915. Julia gifte seg i Morris, Minn. 3.10.1898 med Moses Williams, f. i Hennepin Co., Minn. 12.10.1864. Han d. i Douglas, Wyo. 13.10.1950. Moses var jordbruksskulearbeidar («agricultural school laborer»), og han og Julia budde i Morris, Stevens Co., Minn., men flytte frå kvarandre kring 1911. Dei fekk tre born i lag. f. Henry Olaf Homestead, f. i Vernon Co., Wis. 30.3.1873, d. i Tacoma, Wash. 6.12.1950. Henry gifte seg i Douglas Co., Minn. 18.11.1898 med Brita Mårtensdotter frå Ovanåker i Gävleborgs län, Sverige, i Amerika kjend som Beda Strandberg. Ho var dotter av sagbrukar Mårten Persson i Ovanåker og kona Kjerstin Johnsdotter, òg frå Ovanåker og f. i Ovanåker, Gävleborgs län, Sverige 20.10.1878, men utvandra til Amerika med mor si i 1889. Ho d. i Williston, N.D. 16.12.1952. Henry og Beda flytte kring 1903 til ein farm i Twin Butte township, Divide Co., N.D., men Henry vart sidan arbeidar «laborer» ulike stadar, mellom anna i Ambrose, Divide Co., N.D. til han på 1920-talet vart jarnbanearbeidar («railroad laborer») i Crosby, Divide Co., N.D. Han og Beda fekk tolv born i lag. g. Ida Christina Homstad, f. i Pope Co., Minn. 16.12.1875, d. ##### (dødsstaden hennar? – Pine Co., MN!) 10.7.1960. Ida gifte seg i Stevens Co., Minn. 21.11.1895 med Nels G. ##### (fullt svensk namn og opphav?) i Amerika kjend som Nels G. Nordholm. Han var son av ##### (fulle namn på foreldri hans med yrke på far, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hans?) 22.10.1866, men utvandra til Amerika i 1888. ##### (sjekka utvandringsåret hans?) Han d. i Pine City, Minn. 19.7.1950. Nels og Ida farma i Kettle River township og sidan i Bremen township, båe i Pine Co., Minn. og fekk fire søner i lag. h. Randolf Homstad, f. og d. i Pope Co., Minn. 28.11.1877, tre timer gamal. i. Nellie Randine Homestead, f. i Pope Co., Minn. 21.11.1878, d. i Willmar, Minn. 14.12.1950. Ho gifte seg i Stevens Co., Minn. 24.11.1902 med Andrew Martinius Thompson, f. i Cook Co., Ill. 25.3.1878. Han d. i Minneapolis, Minn. 26.1.1954. Andrew var restauranteigar og forretningsmann («restaurant and variety store owner and operator»), og han og Nellie budde først i Morris, Stevens Co., Minn., men flytte sidan til Olivia, Renville Co., Minn. ##### (number of sons and daughters? – three?) j. Emil Theodore Homstad, f. i Pope Co., Minn. 2.5.1885, d. i Pope Co., Minn. 8.9.1885. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg vonar eg har fått med meg dei naudsynte detaljane om opphavi til Eva Caroline og Beda frå Sverige. No sit eg att med spørsmåli kring opphavi til Charles G. Carlson og Nels G. Nordholm...? Samt spørsmål om yrket til Johannes Pettersson?? Eg har ogso vanskar med å identifisera opphavet til Ole Severson (òg kalla Ole Syverson...!) frå Wisconsin... Kanskje finst det avisartiklar om nokon av desse?? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Otto Thomasson Sørheim - fødd i Luster 1863 - utvandra til Amerika i 1883 - forsvann! - kvar vart det av han?

29. juni 2020 - 23:40
Så begge er født i Luster. Otto T er nr. 41 og Otto O er # 42. https://www.digitalarkivet.no/kb20070305670185 Otto T f April 11 Otto O f March 29.

Otto Thomasson Sørheim - fødd i Luster 1863 - utvandra til Amerika i 1883 - forsvann! - kvar vart det av han?

29. juni 2020 - 23:27
Også kalt Serum. Midt initial av O, så mindre sannsynlig at Otto T. Otto O. Serum in the U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current Name:Otto O. Serum Birth Date:1 Mar 1863 Birth Place:Norway Death Date:1957 Cemetery:Lyster Lutheran Church Cemetery Burial or Cremation Place:Nelson, Buffalo County, Wisconsin, United States of America Has Bio?:N Spouse:Louise Serum Children:Oscar Serum Men døde i Minneapolis? Otto Serum in the Minnesota, Death Index, 1908-2017 Name:Otto Serum Death Age:94 Record Type:Death Birth Date:29 Mar 1863 Death Date:30 Sep 1957 Death Place:Hennepin Death Registration Date:1957 Certificate Number:025594 Record Number:1347759

Sider