Nyheter fra Arkivverket

Abonner på Nyheter fra Arkivverket nyhetsstrøm
Arkivverket - All aktivitet
Oppdatert: 1 time 23 min siden

Nokre tingsvitne frå Nordfjord 1718-58

30. januar 2024 - 21:21
Ved ein gjennomgang av tingbøkene for Nordfjord har eg samla tingsvitne frå ein 40-årsperiode. Dette er ikkje ei komplett liste (m.a. tek eg ikkje med alle odelslysingane her), og mykje av informasjonen er kjend frå andre kjelder. Men i fall detaljar i utgreiingane er av interesse for andre, legg eg ut lenkjene ut her. Meir kan kome etter kvart. Eg beklagar eventuelle skrivefeil 🙂 Olden 22.11.1718 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/85 Om slektskapen mellom Rasmus Olsson Tungøen og Jannike Rasmusdotter Rustøen. Dei var i slekt i tredje ledd (mormora hans; Mari Andersdotter Rustøen, og farfaren hennar; Halstein Andersson Rustøen, var sysken). Stryn 13.03.1719 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/99 Om slektskapen mellom Ingebrigt Sverkesson Årheim («een fattig Krøbling og vanfør huusmand») og Brite Andersdotter. Dei var i slekt i tredje ledd (farfaren hans; Ingebrigt Simensson Årheim, og farfaren hennar; Jon Simensson Bø, var brør). Gloppen 09.11.1719 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/143 Om Nils Andersson Heimsæter og Synnøve Villemsdotter Hjorteset. Synnøve og Nils si førre avdøde kone; Maritte Rasmusdotter, var i slekt i andre og tredje ledd: Synnøve sin morfar (Reiel Larsson Solheim) og Maritte si mor (Kari Larsdotter Heimsæter) var sysken. Gloppen 09.11.1719 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/144 Om slektskapen mellom Lars Villemsson Hjorteset og Mildri Andersdotter. Dei var tremenningar (Lars si farmor; Marte Torgjersdotter Hjorteset, og Mildri si farmor; Maritte Torgjersdotter d.y. i Røyrvik, var systrer. Breim 08.06.1720 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/163 Om slektskapen mellom Ole Jonsson Fossheim og Maritte Steffensdotter Bjørkelo. Dei var tremenningar (Ole si farmor; Magnhild Steffensdotter Fossheim, og Maritte sin farfar; Tore Steffensson Bjørkelo, var sysken). Breim 08.06.1720 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/163 Om slektskapen mellom Nils Olsson Hole og Ane Larsdotter Kleppe. Dei var tremenningar (Nils sin morfar; Nils Larsson Hole, og Ane sin farfar; Jon Larsson Reed, var brør). Breim 08.06.1720 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/163 Om slektskapen mellom Tore Steffensson og Ane Jonsdotter Jordanger. Dei var tremenningar (Tore si farmor; Mari Jonsdotter Bjørkelo, og Ane sin morfar; Jon Nilsson Kobberstad, var halvsysken). Eid/Hornindal 22.07.1720 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/184 Om slektskapen mellom Ole Nilsson Hafsås og Ane Monsdotter Longård (Sevland). Dei var tremenningar (Ane sin morfar; Ole Nilsson Bjørhovde, og Ole sin farfar; Endre Nilsson Bjørhovde, var brør). Eid/Hornindal 22.07.1720 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30928/186 Om slektskapen mellom Steffen Valdemarsson Myklebust og Elen Jakobsdotter. Dei var tremenningar (Steffen sin farfar; Peder Olsson Fannemel, og Elen si farmor; Eli Olsdotter Myklebust, var sysken). Eid/Hornindal 03.04.1721 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30929/238 Om slektskapen mellom Rasmus Andersson Fannemel og Ane Knutsdotter Ytrehorn. Dei var tremenningar (Rasmus si farmor; Mari Valdemarsdotter Fannemel, og Ane si mormor; Ane Valdemarsdotter Lunde, var systrer). Gloppen 24.04.1721 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30929/242 Om slektskapen mellom Kapt. Christian Bugge og Jomfru Else Beate Linde. Dei var tremenningar (Bugge si mormor; Maren Christensdotter, og Linde si mormor; Birte Christensdotter, var halvsysken). Eid/Hornindal 19.06.1723 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30929/427 Om Harald Knutsson Otterdal og Ane Olsdotter Grodås. Harald og Ane sin førre avdøde mann; Kristoffer Klemetsson Grodås, var tremenningar: Harald sin farfar (Harald Olsson Otterdal) og Kristoffer sin farfar (Kristoffer Olsson Kirkhorn) var brør. Gloppen 25.06.1723 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30929/434 Om slektskapen mellom Steffen Villemsson Hjorteset og Sylvei Andersdotter Heimsæter. Dei var tremenningar (Steffen sin morfar; Reiel Larsson Solheim, og Sylvei sin morfar; Lars Larsson Hope, var brør). Gloppen 16.03.1724 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30930/281 Om slektskapen mellom Knut Andersson Hope og Alhed Larsdotter Straume. Dei var tremenningar (Knut sin farfar; Knut Nilsson Emhjellen, og Alhed si farmor; Alhed Knutsdotter Straume, var halvsysken). Olden 16.08.1725 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30930/439 Om slektskapen mellom Peder Olsson Marså og Sigrid Rasmusdotter Løken. Dei var tremenningar (Peder sin farmor; Magdeli Ivarsdotter Brynestad, og Sigrid sin morfar; Arne Ivarsson Løken, var sysken). Eid/Hornindal 05.11.1726 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30931/362 Om Ane Steffensdotter, fødd på Hundeide i Eid. Ho var gift i Bergen med Bendix (med herkomst frå Sunnfjord). Dei reiste til Grønland, der Ane døydde utan born. Tingsvitnet opplyser om full- og halvsysken. Stryn 17.04.1727 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30931/392 Om slektskapen mellom Sjur Rasmusson Lindvik og Sigrid Knutsdotter Lindvik. Dei var tremenningar (Sjur sin farfar; Sjur Pedersson Lindvik, og Sigrid sin morfar; Rasmus Pedersson Lindvik, var brør). Stad 05.07.1728 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30932/306 Om Henning Nilsson Salt og Rakel Rasmusdotter. Rakel og Henning si førre avdøde kone var tremenningar. Stryn 13.03.1730 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30932/502 Om Peder Jonsson, fødd på Grønfur i Stryn. Han døydde ved Kvikne Kobberverk (Tynset). Tingsvitnet opplyser m.a. om tre systrer. Stryn 17.07.1730 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30932/555 Om Rasmus Antonisson med slekt i Stryn. Han var eit slegfredsbarn, døydde i Bergen. Tingsvitnet opplyser om fleire slektningar. Eid/Hornindal 16.11.1730 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30933/339 Om slektskapen mellom Paul Fredriksson (fødd på Langeland) og Sofie Pedersdotter (fødd på Os). Dei var i slekt i andre og tredje ledd (Paul sin morfar; Absalon Hansson Osnes, og Sofie sin far; Peder Hansson Os/Lemmechen, var brør). Gloppen 26.07.1731 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30933/415 Om slektskapen mellom Anders Markusson Øyestad og Ingeborg Knutsdotter Henden. Dei var tremenningar (Anders sin farfar; Ole Markusson Øyestad, og Ingeborg si farmor; Ingeborg Markusdotter Henden, var sysken). Olden 18.07.1732 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30933/519 Om Halver Jakobsson Beinnes, som hadde reist til Holland og no var død. Tingsvitnet opplyser m.a. om foreldre og sysken. Breim 17.10.1733 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30934/341 Om Nils Larsson Frøyset og Maren Stenersdotter Nes. Nils og Maren sin førre avdøde mann; Jakob Olsson Nes, var i slekt i andre og tredje ledd: Nils si farmor (Gunnhild Jakobsdotter Ulvedal) og Jakob sin far (Ole Jakobsson Nes) var sysken. Eid/Hornindal 01.03.1734 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30934/388 Om Rasmus Rasmusson Nor og Eli Jonsdotter Bjørlo. Rasmus og Eli sin førre avdøde mann; Anders Jensson Bjørlo, var i slekt i andre og tredje ledd: Rasmus si farmor (Maritte Rasmusdotter Lien) og Anders si mor (Ane Rasmusdotter Bjørlo) var systrer. Stryn 08.03.1734 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30934/401 Om Anders Arnesson Tonning, matros på eit skip som gjekk ut frå Amsterdam i 1731. No var han død. Tingsvitnet opplyser m.a. om foreldre. Stad 12.07.1734 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30934/427 Om Jokum Jokumsson frå Raudeberg, som no var død «udj Nordlandene». Tingsvitnet opplyser om ei rekkje arvingar. To år etterpå (Stad 23.07.1736) vart det avlagt nytt tingsvitne: https://media.digitalarkivet.no/view/30935/344 Her er det m.a. nemnt at Jokum døydde i Numedal. Dette tingsvitnet nemner m.a. relativt gamle slektsrøter på Jokum si farsside. Olden 12.11.1734 (tingsvitne om kjønn/kull) https://media.digitalarkivet.no/view/30934/479 Arne Antonisson på Oldeøyra let lyse slegfredsdottera si, Ane Arnesdotter (5 ½ år gammal), som rett barn og arving. Stryn 15.11.1734 (tingsvitne for ekteskap) https://media.digitalarkivet.no/view/30934/489 Om slektskapen mellom Ole Børgesson Holme og Ane Eriksdotter Ulvedal. Dei var syskenborn (Ole si mor; Kari Andersdotter Holme, og Ane si mor; Agnete Andersdotter Ulvedal, var systrer). Gloppen 03.08.1735 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30934/555 Om Harald Jonsson frå Indre Henden «der tiente ved gvarden till hest udj Kiøbenhavn», som no var død. Tingsvitnet opplyser m.a. om sysken. Stad 27.06.1741 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30936/299 Om Jeremias Alexandersson som døydde i Kongens teneste i København, juni 1740. Tingsvitnet opplyser m.a. om tre fullbrør, to fullsystrer og to halvsysken. Stryn 16.07.1742 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30936/389 Om Anders Rasmusson, fødd på Rygg i Stryn, no død i Bergen. Tingsvitnet opplyser m.a. om 8 sysken (med forgreiningar til m.a. Sunnmøre og Røros). Stryn 09.03.1744 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30936/508 Om Ingeborg Knutsdotter, fødd på Indre Haugen i Markane, gift på Åkre i Jørundfjorden, men no død utan livsarvingar. Tingsvitnet nemner m.a. fire sysken. Stryn 09.03.1744 (tingsvitne om kjønn/kull) https://media.digitalarkivet.no/view/30936/508 Jetmund Larsson Maurset/Faleide let lyse slegfredssonen sin, Rasmus Jetmundsson, som rett barn og arving. Stryn 13.07.1744 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30936/531 Om Ane Jonsdotter, fødd på Dybevoll i Markane, seinare tenestejente i Romsdalen. No var ho død utan livsarvingar. Tingsvitnet opplyser m.a. om fire sysken i Nordfjord og på Sunnmøre. Stad 05.06.1754 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30938/380 Om Margrete Jeremiasdotter, fødd i Håvik, død i Bergen. Tingsvitnet opplyser m.a. om fleire arvingar i Ytre Nordfjord. Olden 14.06.1754 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30938/387 Om Kari Eriksdotter Loen. Tingsvitnet opplyser om arvingane hennar i Bødalen. Stryn 17.06.1754 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30938/393 Om Peder Nilsson Tonning som drukna på sunnmørsfiske i 1753. Tingsvitnet opplyser m.a. om arvingar i Nordfjord og i Bergen. Davik 29.05.1755 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30938/442 Om enka Lisbet Abrahamsdotter Søre Oppedal, som døydde i Bergen hausten 1754. Tingsvitnet opplyser om arvingar i Ytre Nordfjord. Olden 06.06.1755 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30938/446 Om Hans Samuelsson Loen, som hadde sigla ut frå Bergen nokre år tidlegare, men no skulle vere bortkomen. Tingsvitnet opplyser om arvingar i Indre Nordfjord. Stad 20.10.1758 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30939/407 Om Knut Olsson Kråkenes, som no var død «i Westindien». Tingsvitnet opplyser om arvingar i Ytre Nordfjord. Gloppen 06.11.1758 (tingsvitne om herkomst/arvingar) https://media.digitalarkivet.no/view/30939/422 Om Ane Olsdotter, død som enke i Bergen. Tingsvitnet opplyser om arvingar i Gloppen/Hyen.

Trenger hjelp se avis

30. januar 2024 - 21:07
For min del hugsar eg frå vidaregåande at to elevar heldt foredrag i klassen om internett. Dette var midt på 90-talet, og før internett vart "allemannseige". På same tid var det vel ein i heile kullet som hadde mobiltelefon, og dette var til og med nemnt i omtalen i russeheftet. Men dette vart ein digresjon, som klasseforstandaren vår ville ha sagt det.

Kirkebok for Rikshopitalet i Oslo

30. januar 2024 - 20:55
Eg tek med denne når eg fyrst er i gang: Transportarbeidaren er nemnd i adressebøkene for Oslo frå og med 1944, men ikkje i 1941. Adressa var Thorvald Meyers g. 78 B 2. I 1944 er Arne Lie oppført same stad. Oslo fylke, Adressebøker nr. 1944 (1944-1944), Bokside, Side 1018 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db10061111147129 Vigsla (1920): https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000003425527 (Ein del av det AMF har registrert er rett og slett tull. F.eks. viser den skanna sida at både brudgom og brur er fødde i Oslo).

Hello - I am trying to trace the outmigration of my family (John Ellefsen, Anne Olsdr

30. januar 2024 - 20:50
Hello - I am trying to trace the outmigration of my family (John Ellefsen, Anne Olsdr, Ellef Olaus and Ole) from Landsvaerk to the US. I have the outmigration document (https://media.digitalarkivet.no/view/793/432) and the table version (https://www.digitalarkivet.no/en/view/289/hu00000000179489) but I am not sure I fully understand it. It appears that they left on 5 July 1847. Does that mean they left the town that day or that is the actual day they set sail? Also, some entries for other families, there is something written in the last column which seems to indicate where they are going. Am I correct, then, in understanding that if that section is blank the family did not disclose their destination? Thanks for any help you can provide. I realize many ships logs have been lost, but I'd love to find their actual migration information. Karen

Hvem var Emma M. "Thompson"

30. januar 2024 - 20:42
Mons Sjaastad kom fra østsiden av Selje, Stadtlandet. Broren Severin som bodde i USA var gift med "Minnie" Jorgine Kittelsdatter Bjelland f:8 jan 1897. Familen hennes bodde bl.annet på Øyestad. Det er stor mulighet for at "Minnie" kjente til Emma. Like etter at Mons døde adopterte Bertha Sjaastad (søster til Mons og Severin) datteren til Mons og Emma da Emma ikke tok seg av barnet.... Barnet het Anna May Sjaastad f:18 nov 1926 og har etterkommere i USA. Har bilder av Mons og Anna May, men ikke av Emma.

Trolovelse Svorkmo, Orkdal, Sør-Trøndelag 1776

30. januar 2024 - 20:39
Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, SAT/A-1456/668/L0802: Ministerialbok nr. 668A02, 1776-1799, s. 350-351 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070906640528 Nummer 22, Anders Jonsen Trenger hjelp til de 2 ordene foran Anders. mvh Glenn Nordholmen

Kirkebok for Rikshopitalet i Oslo

30. januar 2024 - 20:38
... eller tilsvarande tekst på bokmål på venstre side. Med andre ord blir fødslane vanlegvis ført med løpenummer i fødselsregisteret på fødestaden, og i tillegg utan løpenummer på heimstaden (til mora).

Peder Johan Pedersen f 23.4.1877 i Rana

30. januar 2024 - 20:32
Ble far i 1901 https://www.digitalarkivet.no/kb20070215630504 1903 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000032556074 1905 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000032556863 Berntine er enke i 1910 (Fødselsdatoen hennes er lik den i vielsen) https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036896004337 Vielsen, helt nederst https://www.digitalarkivet.no/kb20050810011073

Hvem var Emma M. "Thompson"

30. januar 2024 - 20:31
Takk, dette er interessant! Og vi skal ha stor respekt for at mange levde krevende liv, som vi ikke helt kan forstå..... Hvor kom Mons Sjaastad fra?

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn

30. januar 2024 - 20:25
Ok, då vart det litt meir interessant. Kan verke som at Årviksæter feilaktig har plassert Anders Pedersen Krumsvik til Greivsneset. I bind 1 av Årviksæter, Greivsneset er ingen med dette namnet nemnt der ... https://www.nb.no/items/eaf3ccd750c90d34b3925ce4accb570d?page=311

TYDING AV SKIFTE I MØRE OG ROMSDAL 1733

30. januar 2024 - 20:23
"Valen"; det er vel grannegard til Tranvåg (der skiftet er).

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn

30. januar 2024 - 20:19
Voldasoga av Årviksæter, b. 3 side 377 nemne ein Peder, brukar frå 1675 med ein son Anders. Ifølge Årviksæter var han busett på "Greivsneset". Ikkje noko vidare under Krumsvik. So langt har eg ikkje funne ut kvar Greivsneset ligg, må sjå litt meir på det. Men innleiingsvis, sjølv om ein har ein person med rett namn, ser det ikkje ut til å vere Krumsvik som er svaret. Men eg må finne Greivsneset og også evt. skifter som kanskje kan gje andre svar ... https://www.nb.no/items/d107f6baee02864f30020db2e47efdd8?page=381

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn

30. januar 2024 - 20:10
Og, takk til deg og Inge. Det var ein tanke eg skal følge vidare...

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn

30. januar 2024 - 20:10
Det kan godt vere.

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn

30. januar 2024 - 20:09
Takk for svar, Ivar og ja, svært vanskeleg å få noko godt svar frå dette ordet. Som du tenkte eg og fyrst på Krokevika, men såg raskt at det var mindre truleg. Svært interessant er det i alle tilfeller at ein her er nær eit mulig opphav til denne Anders, noko "Syvdeboka" ikkje har noko svar på.

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn

30. januar 2024 - 20:07
Kva med (Litle) Krumsvik i Volda? (som og vart kalla indre Krumsvik)

TYDING AV SKIFTE I MØRE OG ROMSDAL 1733

30. januar 2024 - 20:00
Tusen takk for svaret Ivar! Jeg håpte det var "Rasmus" som var navnet, men kan du klare å tyde hvor "moris" bodde?

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn

30. januar 2024 - 19:57
Litt underleg denne ... Det kan vere "Krongsviigen"; men då har eg ikkje noko framlegg til kvar det er. Dersom du les rett, skiftar skrivaren frå gotisk skrift til latinsk skrift midt i namnet. Du les 4. bokstav som gotisk e; og nest siste som latinsk e. r-en (2. bokstav) er også latinsk. "Kroegsviigen" kunne vere Krokevik, gnr. 2 i Vanylven. Haken er dette "indre", sidan Krokevik var einbølt (til ein gong på 1800-talet). Men eg ser ikkje nokon gode alternativ. elles les eg "udi Nede(r) - og 2 udj yttre Løeset,

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn

30. januar 2024 - 19:31
Sjå nederst folio 190b, under krussedullstrekane Sunnmøre sorenskriveri, SAT/A-0005/1/1A/L0028: Tingbok 27, 1725-1729, s. 190b-191a Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090420320918 Noch blev oplæst velbr hl Capit: Pauses bøxel bref til Anders Pederss: indre Kroegsviigen paa 5 mæll: udi Mede - og 2 udi yttre Løeset, same at bruge sin livs tiid med videre af dato 18 Nov: 1726: under haand og seigl Det er det utheva gårdsnamnet eg ynskjer verifisert. Håpar også - dersom tydinga mi er korrekt - at nokon kan kome med eit forslag på kvar denne indre Krogsvik kan ligge hen.

Konrad Emanuel Alexander Andreassen (1873-1875)

30. januar 2024 - 19:13
Da kan vi kvittere ut Andreas Amundsen (også fra Eidskog i Vinger) som flyttet til Trøndelag. Han giftet seg med en Gurine, og jeg fant henne i mannens dødsannonse. Sjekket dødsfallsprotokollen, og han ble født i oktober 1851 (selv om det står 1848 flere steder). Datoen stemmer med kirkebøkene. Legger ikke ved lenker siden han ikke har noe med saken å gjøre.

Sider